 
Frå venstre : Prosjektleiar Kristian Birkeland, ordførar Inge Reidar Kallevåg og rådmann Sverre Olav Svarstad.
Bømlo kommune er ein av til saman 8 kommuner som inngår i KRD sitt omstillingsprogram "Stifinnaren - modernisering for velferd.
Prosjektet Stifinnaren - Bømlo kommune er ein ”paraply” for ei rekke utviklingsprosjekt i regi av Bømlo kommune. Gjennom Stifinnaren skal ein sikre ein samla heilskapleg utvikling av kommunen. Hovudaktiviteten skal vera å koordinere eksisterande prosjekt og å initiere nye tiltak som naturleg høyrer inn under hovudprosjektet sin ide om ”modernisering for velferd”. Vidare er det viktig å sikre god intern og ekstern informasjon om utviklingsarbeidet gjennom alle fasar av prosjektet.
Gjennom samhandling med andre kommunar og KRD har ein tilgang til ein felles kunskaps- og erfaringsbase som er vesentleg for positiv utvikling av dei einskilde prosjekta.
Prosjektet skal avsluttast 31.12.06
Fokusområde
Det er vald ut 7 fokusområde. Desse er :
Organisasjon Digitalisering av Bømlo kommune
Alternativ organisering og alternative driftsformer Kvalitetssikring og effektivisering
Offentleg service Skuleutvikling
Næringsutvikling
Det vert arbeidd med ei rekke delprosjekt under kvart fokusområde. I 2005 var det aktivitet i 17 ulike prosjekt. Til saman 60 tilsette var direkte involvert i dei ulike prosjektgruppene.
Hovudmål
Prosjektet skal styrke Bømlo kommune som ein effektiv, service- og brukarretta kommune.
Prosjektet skal medverke til at kommunen er i framkant av utviklinga i forhold til dei krav samfunnet sett til kommunesektoren.
Delmål:
-
Auka kvaliteten på kommunen som serviceverksemd overfor barn, unge, vaksne, eldre, organisasjonar og næringsliv.
-
Gjere dei kommunale tenestene meir tilgjengelege og brukarvenlege gjennom auka satsing på nettbaserte tenester og utvikling av breibandnettet.
-
Optimalisere rolledelinga mellom kommune, næringsliv og frivillige organisasjonar
-
Effektivisere den kommunale drifta tilsvarande 15 mill. kr innan 31.12.06
Året 2006
Det er laga eit eige informasjonshefte om aktivitetane dette året. Denne og andre sentrale dokument finn du i lenkesamlinga under. |